Kan kome snø på Strynefjellet

Det er venta nysnø fleire stadar, og for dei som skal over Strynefjellet dei komande dagane kan det vere lurt å skifte til vinterdekk.

Det kan kome snø dei komande dagane på vegstrekningar som Strynefjellet. I Sogn og Fjordane er det sendt ut gult varsel.   Foto: Ivansmuk/Colourbox/Tryg Forsikring

Nyhende

Frå torsdag kveld er det fare for snø i høgda i seks fylker i Sør-Norge. Nokre stadar sør i Norge kan få opp mot 20 centimeter nysnø frå torsdag av og i helga. Ifølgje ei pressemelding er det dei mest trafikkerte strekningane som kan bli ramma, som riksveg 15 Strynefjellet, riksveg 7 Hardangervidda og riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

– Det er berre å innsjå at vinteren no kjem, og det er for seint å skifte dekk når du skrensar rundt på vegen. Ikkje berre risikerer du å skade andre, men du kan også bli ståande fast over lenger tid om du er skikkeleg uheldig. Sjølv om det er bart i låglandet bør du vurdere å skifte til vinterdekk no for å unngå ubehagelege overraskingar når snøen plutseleg ligg der, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring.

Gult varsel

Ifølgje Meteorologisk institutt vil temperaturane bli lågare mot helga med nedbør som sludd og snø nokre stadar. Det gule varselet gjeld for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder og Trøndelag.

– Overgangen mellom haust og vinter er prega av ulukker der mange bilistar vert overraska av snø og is på vegen, seier Brandeggen.

Krav

Sommardekk skal ikkje brukast på vinterføre ettersom dekka ikkje vil ha tilstrekkeleg veggrep. Vinterdekk skal ha minimum 3 mm mønsterdjupn og i Nordland, Troms og Finnmark kan ein bruke piggdekk frå 15. oktober. For resten av landet er det 1. november som gjeld.