– Systemet er rivande gale

Føler seg overkøyrd av Pasientreiser

Paul Midtbø (79) på Bryggja er misnøgd med Pasientreiser, og det han opplevde med siste reiserekninga si fekk begeret til å renne over.

Paul Midtbø: Pasientreiser vil ikkje dekke reiserekninga. Dei legg til grunn at Paul Midtbø heller kan stikke innom i heimen til ein lege som bur i nærleiken, i staden for å reise til legekontoret på Nordfjordeid der han har fastlegen sin. Klagen hans har no hamna på Fylkesmannen sitt bord.  Foto: Per Ole Lefdalsnes

Ein går ikkje til heimen til ein lege for å få behandling.

Nyhende

Midtbø bur i Gamlevegen på Indre Totland, og har dei siste 17–18 åra hatt fastlege på legesenteret på Nordfjordeid. Då han leverte reiserekningar for første halvår, fekk har avslag på dekning med ei grunngjeving han reagerte sterkt på. Dei nektar å dekkje reiserekningar som før.