Eid Brannvesen på plass under Eidamessa

Boklansering med Bjørnis

Laurdag under Eidamessa vil Eid Brannvesen vere på plass i Nordfjordeid sentrum.

Boklansering: Eid Brannvesen er med på boklansering med bøkene om trøstebamsen Bjørnis. Målet er å førebyggje brann. Under Eidamessa vil brannvesenet og Are Fagerli vere på plass på vestsida av Jysk. 

Sjekkliste: Bjørnis har ei sjekkliste som kan vere med å førebyggje brann. 

Nyhende

– Det har vorte fast tradisjon. Vi stiller med alle bilane vi har, så får barna prøve å sitte i brannbil. Det pleier å vere populært. Vi har også brannhjelmar til utdeling. I tillegg kjem Røde Kors til å vere til stades, og kanskje også dei andre blålysetatane om dei har høve til det, fortel Are Fagerli, leiar beredskap i Eid Brannvesen.

Førebyggje brann

I år er det også boklansering om brannvesenet sin eigen trøstebamse Bjørnis.

– Bjørnis blir brukt som ein brannførebyggingsbamse. Det er tre bøker som no kjem ut, og Totland Norli står for boksalet og vil ha stand ved sidan av oss på laurdagen, fortel Fagerli.

Åtte brannvesen rundt om i landet er med på boklanseringa.

– Akkurat som julenissen må ha hjelparar, så må også den ekte Bjørnis det. Vi har ikkje ein stor Bjørnis som er med oss under Eidamessa, men vi har signaturstempelet til Bjørnis, så alle får det stempelet i bøkene, fortel han.

Møteplass er viktig

– Vitsen med bøkene er å førebyggje brann. Her er oppfordringar, om brannøvingar og at det er viktig å avtale møteplass. Om ungar har leika med fyrstikker, og starta ein brann, så gøymer dei seg kanskje. Det er viktig å snakke om ting før det eventuelt startar ein brann. Og så er det fint å øve på å bruke brannstige, oppfordrar han.