Sagastad er ikkje berre for turistar

– Vi har verdas flottaste båtnaust

– Vi har verdas flottaste båtnaust. Her får du ei ramme rundt arrangementet ditt som du ikkje får nokon annan stad.

PRØVESESONG: – Vi har hatt ein bra sommar på Sagastad. Dette er ein prøvesesong og vi tek med oss erfaringane og utviklar oss vidare til neste sesong, seier marknadsansvarleg i Sagastad drift AS, Aurora Leivdal. 

Det er veldig kjekt at det har vore større interesse enn venta for å bruke Sagastad til ulike arrangement.

Marknadsansvarleg Aurora Leivdal
Nyhende

Det seier ansvarleg for marknadsføring og sal, Aurora Leivdal og dagleg leiar Solveig Midtbø i Sagastad Drift AS. Dei fortel begeistra om alt lokala i Nordfjord si nye storstove kan brukast til. Dei tek imot alle slags grupper og arrangementet, frå pensjonistlag på tur, gebursdagsfeiringar og bryllaup, til blåturar, skuleklasser, generalforsamlingar og julebord.