Fossevegen-Heggjabygda

Skal utbetre vegen før asfaltering

Fylkesveg 5744 i Eid kommune (tidlegare fv 664) blir stengt i periodar grunna vedlikehaldsarbeid, på strekninga Fossebakken-Heggjabygda.
Nyhende

Statens vegvesen opplyser at deler av strekninga må oppgraderast før legging av ny asfalt. Mellom anna skal stikkrennene skiftast ut nokre stadar, og det må gjerast masseutskifting og forsterking av vegfundament på nokre punkt. I tillegg skal dreneringa utbetrast nokre plassar.

Vegstenginga gjeld til og med fredag 13. september, der vegen kan bli stengt i kortare periodar inntil 30 minutt.

I tidsrommet frå 16. september til og med 16. desember, måndag til fredag, bir vegen stengt på dagtid, med nokre tidspunkt der det vert opna opp for trafikk.