Ønskjer møte- og talerett i kommunestyret

Politikarane vil ha saka vurdert

Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma i Stad kommune krev møte- og talerett i kommunestyre i nye Stad kommune. Politikarane i Fellesnemnda vil ha saka nærare vurdert.

Folkevalde: Både Sigurd Reksnes (Sp) og Lars-Svein Drabløs var skeptisk til å gje ulike råd talerett i kommunestyret i Stad kommune.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Medlemmane i Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonshemming i Eid kommune og Rådet for eldre og funksjonshemma i Selje kommune hadde sendt eit brev til Fellesnemnda, der dei oppmoda medlemmane i nemnda til gjere vedtak om at leiarane i råda skal ha møte- og talerett i kommunestyret i Stad kommune.