Klart for Eidamessa 2019

Handlefest og moro

– Her skal det koke av liv under Eidamessa, seier leiar Ingvill Henden og Kristin Rødven Eide i Eid handel.

Eidamessa: Kristin Rødven Eide og leiar Ingvill Henden håper det vil koke av liv i Nordfjordeid sentrum når Eidamessa brakar laust denne veka.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Show for barna: Mamma Mø og Kråka held show for barna under Eidamessa. 

Nyhende

Eidamessa er ein fast og lang tradisjon, som skaper liv i Nordfjordeid sentrum. Helga 13.–15. september brakar det laust.

– Dette må ein huke av på kalenderen, og er noko folk kjem for å få med seg frå heile Nordfjord og Søre- Sunnmøre, seier Henden.

Butikkane trekk ut på gata, og det blir mange buer .

– Her vert ting vi ikkje har hatt før, slik som ost. Under Eidamessa vert det buer med alt frå honning, leike, kle, hobby, gardsmat, eple og lag og organisasjonar, fortel dei.

Mamma Mø og Kråka

Det vert sett opp telt og scene ved Eidsgata, der det både vert konsertar, show, gudsteneste og høgtlesing for barn.

– Det er butikkane sjølve om riggar teltet og gjer ein stor dugnadsinnsats for å få Eidamessa i stand, fortel Henden og Eide.

– Mamma Mø og Kråka kjem og har show for barna, der du også kan møte og hels på dei i teltet i Eidsgata og på ALTI Nordfjord. I fjor hadde vi Paw Patrol, og mange barnefamiliar kom ganske langt ifrå for å få det med seg, fortel dei.

Laurdag vert det soul-blues-konsert med Renate Nekstad og Peter Zehenbauer.

Tivoli og padling

Søndag vert det for første gang gudsteneste under Eidamessa – denne gong i teltet i Eidsgata. Det vert kyrkjekaffi etterpå.

Prest Gundersen har tidlegare hatt gudstenester både i stallen på hestesenteret og på Sagastad. Han er kjent for å halde livlege gudstenester.

Med Åse Huse som rettleiar kan du prøve padling i Sagaparken på søndagen, elles er sjølvsagt Hugos Tivoli på plass – slik som alltid når det er Eidamesse.

– Det høyrer saman, seier dei.

– Det er sjølvsagt gågate under Eidamessa. Og i år er det spesielt fordi cruiseskipet Amera kjem søndagen, så det vert mange turistar i sentrum denne dagen, fortel dei.