Mykje nedbør

Gult varsel i Eid og Selje

NVE har sendt ut gult varsel for jordskredfare i Eid og Selje.

Det kan kome mykje nedbør dei komande dagane, og torsdag har NVE sendt ut gult varsel for jordskredfare i Sogn og Fjordane.   Foto: Arkiv

Nyhende

Ifølgje Yr er det meldt mykje nedbør og enkelte kraftige regnbyger dei neste dagane, og grunna dette er det sendt ut eit gult varsel om jordskredfare i Sogn og Fjordane frå torsdag ettermiddag til natt til fredag. Eid og Selje er blant stadane som NVE har sendt ut varsel for.

Ifølgje NVE er det venta nokre skredhendingar, og enkelte store hendingar kan skje. Bane og vegstrekningar kan difor bli stengt. Det er bratte skråningar, bekkar og elveløp med stor vassføring som er spesielt utsatt.

I tillegg til Sogn og Fjordane, er det også sendt ut varsel for Møre og Romsdal og Hordaland.