Mangla lokale cruise-suvenirar frå Nordfjordeid

Eli (94) målar for turistane

Då handelsstanden i Eid mangla lokale suvenirmagnetar for kjøleskapet blei 94 år gamle Eli Sunde sett i sving. I løpet av sommaren har ho måla kring 30 lokale buttons.

Eli Sunde har eigen verkstad i huset sitt på Nordfjordeid der ho i sommar har laga lokale buttons for turistane som kjem seglande inn fjorden. 

Nyhende

Med Eid si nysatsing innan cruiseturismen, dukkar det også opp behov for lokale suvenirar. Og mange cruiseturistar kjøper gjerne ein liten magnet for kjøleskåpet frå dei ulike hamnene dei kjem innom. Men Nordfjordeid hadde altså ikkje ein slik lokal button å vise fram, eller til sals for dei langvegsfarande.