Dressmann Nordfjordeid stadig i salstoppen

Dressmann Nordfjordeid var best av alle Dressmannbutikkar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i juli.

Stolte: Oda Tørset og butikksjef June Kvernen Kleppe opplever gode salstal på Dressmann Nordfjordeid. I august gjekk dei heilt til topps i regionen.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

– Klart eg blir kjempestolt. Det er stor stas å vinne, og dette feira vi skikkeleg med dei tilsette på Loen Skylift, seier butikksjef June Kvernen Kleppe, og viser fram den store pokalen dei har hatt ståande i butikken i ein månad.