Cruiseturistar frå Amerika kjøper mest

Butikksjef Georgios Prekas ved suvenirbutikken Fjordbuda på Nordfjordeid er godt nøgd med den første sommarsesongen. No gler han seg til neste år, med dobbelt så mange cruiseskip.

Butikksjef Georgios Prekas er godt nøgd med den første cruisesesongen på Nordfjordeid. – Cruiseturistane likar seg her på Eid, og vi høyrer mykje skryt i butikken, seier han. 

Vi er i forhandling med ulike produsentar for å få laga suvenirar med lokalt tilsnitt

Nyhende

– Det er cruiseturistar frå Amerika som brukar mest pengar her i suvenirbutikken, seier Georgios Prekas frå Fjordbuda på Nordfjordeid. Den nye suvenirbutikken ved den nye cruisehamna i sentrum av Eid. Butikken opna i slutten av mai, då den første cruisebåten kom inn Eidsfjorden og la til ved den nye seawalken.