Nordfjordrådet

Ber om rassikring

Nordfjordrådet ber om at ny Strynefjellstunell frå Skåre til Breidalen med arm til Geiranger og rassikringstiltak på strekninga langs Skredestranda vert prioritert i Nasjonal Transportplan (NTP).

Innanfor Skredområde: Av kart utarbeidd av NVE ser vi at det er fleire stadar på Rv 15 som kjem i same faresone som der det ikkje lenger blir gjeve løyve til å føre opp nye bygningar. Kartet viser faresoner for alle aktuelle skredtypar i område Skrede i Eid kommune (mørkast farge er 100-årsskred, middels farge er 1000-årsskred, lysast farge er 5000-årsskred).   Foto: Kart frå NVE sin skredrapport

Nyhende

På møte i Nordfjordrådet orienterte Stryn-ordførar Sven Flo om status i arbeidet med Rv 15, og Nordfjordrådet vedtok følgande felles uttale i høve saka:

«Nordfjordrådet vil framheve viktigheten av Rv15 som ein strategisk transportkorridor i vår region for næringstransport og næringsutvikling.

Rv15 binder heile Nordfjord saman til eit stort bu- og arbeidsområde. I tillegg knyter Rv 15 kyst og innland saman.

Dette gjer moglegheiter for å kombinere nyttetransport og persontransport både på sjø, veg og jernbane på aksen Måløy-Otta.

Rv 15 er einaste ferjefrie heilårssamband aust – vest mellom Storfjorden og Sognefjorden. Ein landsdel med over 150.000 innbyggarar, eksklusivt Ottadalen og Gudbrandsdalen. Å få gjennomført den tilrådde løysinga frå 3 fylkeskommunar og kommunane elles vil bety at Rv 15 blir ei sikker ferdselsåre. For størstedelen av denne landsdelen er det ikkje akseptabelt å gå tilbake til og verte avhengig av ferje på vinterstid, anten det er via Sogn eller via Romsdalen. Tungbiltrafikken utgjer i dag om lag 26 % av trafikken over Strynefjellet.

Området som Rv 15 går gjennom har ikkje jernbane som alternativ framkomst. Ein sikker tilkomst til Otta og jernbane/E6 for vidare samband til andre landsdelar via Strynefjellet, vil sikre vidare vekst i vår landsdel. Daglege ekspressbussar over Strynefjellet treng også eit påliteleg samband. Bedriftene er kvar dag heilt avhengige av å få råstoff og ferdigvarer raskt fram. I dag er lagera til næringslivet på vegane.

Det er berre Rv 15 som er eit reelt alternativ for dette området. Det er også viktig å få tunnelarm mot Verdsarvområdet/Geiranger.

Rassikring på fleire strekningar langs Rv 15 vil være kritisk viktig å få gjennomført.

Konsept B1 med arm til Geiranger må prioriterast for snarleg gjennomføring slik at strekninga Skåre-Breidalen vert meir miljøvennleg og framkomeleg samt rassikker. For å nå målsettinga om overføring av meir gods frå veg til tog og sjø, må tog terminalen på Otta gjerast funksjonell og Rv 15 må utviklast for modulvogntog.

Nordfjordrådet ber om at følgjande strekningar blir prioritert i det vidare rassikringsarbeidet, og innarbeida i rulleringen av NTP:

* Ny Strynefjellstunell frå Skåre til Breidalen med arm til Geiranger

* Rassikringstiltak på strekningen langs Skredestranda, jfr Statens vegvesen sin rapport Skred datert 26/8-16»