Arrangerer Marin karrieredag

220 elevar, studentar og lærarar er samla til Marin Karrieredag i Måløy torsdag 12. september! Oppdrettsnæringa og fiskerinæringa møter framtidig arbeidskraft.

– Ervik Havfiske ønskjer å sikre kvaliteten på framtida si mat og framtidig arbeidskraft, seier Olav Steimler i Ervik Havfiske. Torsdag vert det arrangert Marin karrieredag i Måløy, og oppdrettsnæringa og fiskerinæringa møter framtidig arbeidskraft.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes (arkiv)

Nyhende

I veksande næringar som oppdrett og fiskeri, vil det å ha tilgang til kvalifisert arbeidskraft bli stadig viktigare. Skal ein lukkast med framtidig rekruttering, er det viktig å kople elevar og studentar opp mot næring tidleg i utdanningsløpet. Ungdomen må møte næring for å lære, bygge relasjonar og få kjennskap til alt det lokale bedrifter har å by på innan bransjane havbruk og fiske. Dette aukar sjansane for at dei vel utdanningar som kan kvalifisere dei til framtidig yrke i regionen.

Måløy Vidaregåande Skule, Fagskulen i Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag og Høgskulen på Vestlandet arrangerer Marin karrieredag i Måløy 12. september. Over 30 bedrifter stiller. Det vert speed date, føredrag og nettverksbygging.

– Ervik Havfiske ønskjer å sikre kvaliteten på framtida si mat og framtidig arbeidskraft. Difor ønskjer vi å ha ei aktiv rolle i rekruttering og utdanning, forsking og utvikling. Kunnskap om fisk, fiskeri, forvalting og miljø er viktig. Vi treng godt utdanna folk i norsk havbruk, seier Olav Steimler, direktør prosjekt og kommunikasjon i Ervik Havfiske, i ei pressemelding.

– Mykje tyder på at kampen om kvalifisert arbeidskraft kan bli hardare i framtida, ikkje minst i desentraliserte strøk. Folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane er spådd å vere negativ i åra framover, noko som kan gje mangel på arbeidskraft på sikt. NHO støttar tiltak som fremjar framtidig rekruttering til fylket, legg Tom Knudsen, regionsdirektør i NHO Vestlandet, til.