Susanne Maria er ny kreftkoordinator i Nordfjord

–Ta gjerne kontakt

Susanne Maria Hove Sollid frå Hornindal er den nye kreftkoordinatoren i Nordfjord. Ho oppmodar kreftsjuke og pårørande om å ta kontakt.

Susanne Maria Hove Sollid er ho den nye kreftkoordinatoren i Nordfjord, og oppmodar dei det gjeld om å ta kontakt. Etter nyttår gjeld dette for kommunane Stad og Stryn.   Foto: Privat

Nyhende

Hove Sollid tok over stillinga som kreftkoordinator i Nordfjord 27. august i år. Ho vil vere til stades på sitt kontor på Nordfjord sjukehus tysdag og torsdag i oddetalsveke, og måndag, tysdag og onsdag i partalsveke. No oppmodar ho kreftsjuke og pårørande om å ta kontakt.