Reksnes i fylkestinget

Sigurd Reksnes frå Eid/Stad er ein av dei som skal representere Sp i det nye fylkestinget i Vestland. Han er godt fornøgd med valkampen både på eigne og partiet sine vegner.

FYLKESLEIAR: Sigurd Reksnes frå Eid/Stad kommune er leiar for Vestland Senterparti og medlem i fylkestinget i Vestland.   Foto: Pressefoto Sp

Nyhende

– Vi har gjort eit veldig godt val. Det er kjekt at mange får augene opp for Sp. Det har blitt ført ein politikk der mykje er blitt flytta vekk og sentralisert, og folk stemmer på parti som jobbar imot ei slik utvikling, seier Reksnes.

 Det blir lengre avstandar og meir pendling med nytt fylke, men han ser fram til å ta fatt på arbeidet i fylkestinget der vidaregåande skular og samferdsle er viktige område.

Andre nordfjordingar i fylkestinget er Sonja Merethe Øvre-Flo (Høgre, Stryn).


Ap er størst i Vestland med Høgre som nummer to og Sp nummer tre.

PartiProsentMandatEndring %
Arbeiderpartiet20,4 %13-11,7
Høgre17,9 %12-1,7
Senterpartiet15,7 %10+4,6
FNB9,0 %6+9
Framstegspartiet8,7 %6-2,1
MDG7,0 %5+1,9
SV6,3 %4+1,6
KrF4,9 %3-2,3
Venstre3,5 %2-1,6
Rødt3,5 %2+1,9
Piratpartiet1,11+0,6

Tabellen viser resultatet av valet i Vestland fylke.


Ifølgje NRK ser det ut til at det er desse som kjem inn på tinget frå Sogn og Fjordane 18 representantar i det nye fylkestinget i Vestland.

Dette er:

Trude Brosvik (KrF, Gulen),

Åsmund Berthelsen (SV, Naustdal),

Arve Helle (Ap),

Karianne Torvanger (Ap, Florø),

Torbjørn Vereide (Ap, Førde),

Senea Sabonovic (Ap, Sogndal),

Aleksander Øren Heen (Sp, Årdal),

Jenny Følling (Sp, Bygstad),

Sigurd Reksnes (Sp, Eid),

Gunn Åmdal Mongstad (Sp, Solund),

Hilde Horpen (Sp, Årdal),

Noralv Distad (Høgre, Aurland),

Hanne Eva Husabø Kristensen (Høgre, Florø),

Sonja Merethe Øvre-Flo (Høgre, Stryn),

Lise-May Sæle (Høgre, Balestrand),

Gunhild Berge Stang (Venstre, Fjaler),