Mange stemte på soknerådsvalet

– Her har vore eit jamt sig heile dagen, og mange måtte sitte i kø for å vente på tur, fortel Per Oos.

Kyrkjeval: F.v. Bjørg Risøy, Per Oos og Asbjørg Fauske Lade hadde mange innom som stemte ved soknerådsvalet.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Saman med Bjørg Risøy og Asbjørg Fauske Lade sat han på post for å hjelpe til ved kyrkjevalet måndag. Her kunne ein både stemme på det lokale soknerådsvalet og bispedømmevalet.

– Det er kjekt å registrere at folk bryr seg og kjem for å stemme. Men det er kanskje fleire som berre stemmer på det lokale soknerådsvalet fordi det er kjende namn, fortel dei. Og det var mange som var innom for å stemme etter at ein hadde vore oppe i kommunestyresalen for å stemme ved kommune- og fylkesvalet.