Likar seg på post

Når skumringa legg seg over bygda dreg Olav (18) ut med geværet. Berre to dagar inn i hjortejakta kunne han notere heile fem dyr.

Olav Berstad likar å sitje på post på bøen nedanfor garden på Berstad når mørket fell på. Der dukkar hjortane opp kvar kveld, og stiller seg villig inn i kikertsiktet til den unge jegeren. Berre to dagar inn i jakta var det fem dyr som blei lurt av han som sat godt gøymd inne i eit uthus.   Foto: Inger Træen

Nei, eg gløymde visst å ta bilde av desse hjortane. Det blei arbeid til langt på natt

Nyhende

– Nei, eg gløymde visst å ta bilde av hjortane. Det blei så mykje anna som skulle gjerast. Vi held på med desse dyra til klokka blei midnatt.