Det er Balsnes bygg som opplevde dette tjuveriet i førre veke. På deira byggjeplass i Bruhola i Eid sentrum.
–Det blei stole utstyr for rundt 5000 kroner. Ikkje dei store summane, men for oss tek det tid å få slikt nytt utstyr på plass. Det er trasig og irriterande at ting ikkje kan få vere i fred på ein inngjerda byggjeplass, seier Jim Andre Balsnes som står bak Balsnes bygg saman med faren Jon Balsnes. I tillegg har dei ein tilsett, samt ein lærling.
Tjuveriet er meld og politiet, som har vore på staden.