Rundt 80 stilte opp til støtte for barnekreft

For andre år på rad arrangerte Klenkarberget sommarcamp «Løp for meg» i helga. Med litt færre deltakarar enn i fjor.

På søndag var det mange heile unge og ivrige på startstreken i arrangementet «Løp for meg». Eid var ein av fire stadar i Sogn og Fjordane som gjennomførte løpet til støtte for arbeid i høve til barnekreft. Den nasjonale Barnekreftforeninga står bak 20 slik arrangement rundt om i landet. Pengane skal gå til forsking og arbeid for barn som har kreft. I dag overlever 80 prosent av dei kreftråka barna sjukdomen, medan målet på sikt er at ingen barn skal døy av kreft.  

Nyhende

Rundt 80 små og store deltakarar stilte på startstreken til arrangementet «Løp for meg» i Malakoff på Eid i helga. Det var litt færre enn i fjor, då heile 280 deltakarar var med.