Vindkraftmotstandarar mobiliserte framfor Stortinget

Mot utbygging

NPK. Tilreisande frå heile landet deltok då det vart markert motstand mot vindkraft framfor Stortinget søndag.

MANGE TILREISANDE: Tilreisande frå mange stader i landet, mellom anna Bremanger, deltok på markeringa mot vindkraft framfor Stortinget søndag.   Foto: Beate Haugtrø

  Foto: Beate Haugtrø

Nyhende

Både Norges Miljøvernforbund, La Naturen Leve og Naturvernforbundet, og tilreisande vindkraftmotstandarar frå heile landet var i Oslo for å vidarebringe bodskapen «nok er nok. Det var organisasjonen Motvind som stod i bresjen for «Markering mot vindindustri i norsk natur».

Motstandarar mot utbygging blant anna på Finnskogen i Elverum, på Frøya og Sørmarkfjellet i Trøndelag, på Haramsøya i Møre og Romsdal, Bremanger i Sogn og Fjordane og mange andre stader i landet mobiliserte for å vise motstand mot utbygging i sine lokale naturområde.

Eit gjennomgåande argument under markeringa, var bevaring av det trua artsmangfaldet, og at å bygge vidare på vasskraft som energikjelde og å spare energi er ei meir skånsam løysing for naturen. Konsekvensar av vindkraft som infralyd og vibrasjonsstøy, folkehelse og trusselen mot samisk reindrift vart og løfta fram.

Representantar frå både Raudt, SV, MDG, Frp og Kystpartiet, samt ungdomsorganisasjonen Noereh deltok med innlegg. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og statssekretær Liv Lønnum frå Olje- og energidepartementet var til stades for å svare motstandarane.