Mange strøymde til vallokala

Det har vore god flyt av røysteføre i vallokala gjennom heile valdagen.
Nyhende

– Eigentleg så var det ikkje eit vanskeleg val, men for meg var det viktig å ha fokus på skule og helse, og så er det sjølvsagt kven personane er. Men eg er ikkje så avansert at eg har ført opp namn frå andre lister, fortalde Mari Ann Jacobsen frå Nordfjordeid, etter at ho hadde avgitt si stemme i valurna på rådhuset.