Løp for meg på Eid

Søndag er det tid for arrangementet «Løp for meg», i Malakoff på Nordfjordeid. Til inntekt for kreftsjuke barn.

Løp for meg er til inntekt for kreftsjuke barn, og finn stad i Malakoff på søndag. 

Nyhende

«Løp for meg» er eit nasjonalt arrangement som finn stad 20 stadar i landet i regi av Barnekreftforeninga.

I Sogn og Fjordane blir det arrangement på Nordfjordeid, Innvik, Skjolden og i Sogndal.

Det er andre året dette finn stad her på Eid. Det er Klenkarberget sommarcamp som er arrangør, og dei lovar ein kjekk familiedag, med varierte aktivitetar, kiosk og loddsal med mange flotte premiar. Som toppremie kan dei friste med Malakoff-billett for 2020.

I tillegg til programmet ønskjer arrangørane sjølvsagt å støtte opp om ei viktig sak, arbeid for kreftsjuke barn.

Dei håpar på like mykje folk som i fjor, og oppmodar deltakarar om å melde seg tidleg, slik at det skal bli enklare å planlegge.

Til underhaldning skal Klenkarberget sommarcamp framføre songen sin «Sommar i lag». Løken aktivitetsgard kjem med ponniar, geiter, hest og føl, som barna kan få stelle og kose med. Fleire stiller også med hestar, slik at det blir høve til å prøve ein runde på hesteryggen.