Alle førstekandidatane skreiv under garanti

Fekk med seg alle partia for fattigdomsløft

I Eid og Selje blir barnetrygda teken med i inntektsgrunnlaget når sosialhjelp skal reknast ut. I dag fekk Tonje Sjaastad (SV) med seg dei andre partia med lovnad om å endre denne praksisen, slik at dei fattigaste familiane kan få 1000 kroner meir i månaden for kvart barn.

Tonje Sjaastad fekk med seg sju politiske parti som stiller til val i Stad kommune til underskrift for fattigdomsløft for barnefamiliar under siste innspurt i valkampen i dag. Frå venstre Bent-Inge Auflem Borgund (SV), Jostein Hundeide (H), Hogne Bleie (Frp), Paul Jacob Helgesen (Sp), Alfred Bjørlo (V), Roald Dalsbø (Krf) og Siri Sandvik (Ap).   Foto: Privat

Eit garantibevis som forpliktar også etter at valkampen er over. Der politikarane har lova å sjå bort frå barnetrygda i inntektsgrunnlaget når sosialstønad skal reknast ut.  

Nyhende

I Fjordabladet i går hadde Tonje Løfsnes Sjaastad, leiar i Stad SV, eit innlegg der ho utfordra førstekandidatane/leiarane i dei andre politiske partia i Stad kommune om gje dei fattigaste familiane eit inntektsløft. Ho vil at den nye kommunen ikkje skal ta med barnetrygda i inntektsgrunnlaget når sosialhjelp skal reknast ut.

I dag var Løfsnes Sjaastad på plass i Eid sentrum, der ho fekk med seg dei andre partia på å skrive under ein slik samla lovnad, eller garantibevis.

Dermed har alle dei politiske partia i Stad kommune gått til val med lovnad om at denne praksisen blir endra. For barnefamiliar kan det bety tusen kroner meir i månaden å rutte med for kvart barn dei har. 


Her er innlegget som Tone Løfsnes Sjaastad hadde i avisa på fredag:

Før den siste helga i valkampen slår vi eit slag for ei sak vi kan vere felles om.

Alle dei politiske partia er opptekne av barn sine oppvekstvilkår. Barnetrygda er ei universell stønadsordning til alle barnefamiliar.

Alle familiar, uavhengig av inntekt, tek i mot det same beløpet i barnetrygd. Men dei familiane som får sosialhjelp, tek i realiteten ikkje i mot denne stønaden i Eid og Selje i dag.

Her er det slik at dei som treng barnetrygda aller mest, faktisk ikkje får den. For når ein familie søkjer om sosialhjelp, er det opp til den enkelte kommune om barnetrygda skal reknast inn i inntektsgrunnlaget eller ikkje.

I stadig fleire kommunar held ein barnetrygda utanfor denne utrekninga, men i Eid og Selje er det framleis slik at dersom ein familie har bruk for sosialhjelp, blir stønaden redusert dersom ein og får utbetalt barnetrygd. Dette er kutt som rammar barn medan familien er i ein sårbar situasjon.

Vi meiner at det ikkje kan forsvarast at dei som har størst behov for barnetrygda ikkje får den på topp av anna inntekt. Dette er grunnleggande usosialt og urettferdig. Difor må vi endre denne praksisen.

I Regjeringsplattforma frå januar 2019 står det at regjeringa skal «Sørgje for at auken i barnetrygd også kan kome familiar til gode som er avhengige av ytingar etter lov om sosiale tenester og lov om bustøtte».

KrF forstår dette som at barnetrygda skal haldast utanfor når sosialhjelp blir fastsett, og dette er også SV sin politikk. Dersom vi ikkje gjer noko med gjeldande praksis, vil ikkje auken i barnetrygd få noko å seie for born som veks opp i familiar der sosial stønad er nødvendig, og der den trengs aller mest. Barnetrygda er til for å sikre barn gode levekår. Det er urettferdig at barn i familiar som har bruk for sosialhjelp, ikkje får den same stønaden som alle andre barn.

Det burde vere grunnlag for brei politisk semje om denne saka i det nye Stad, mellom anna på grunnlag av regjeringserklæringa som fire av partia våre er forplikta på. Stad SV vil difor be om at leiarar eller førstekandidatar i alle parti signerer på den vedlagde garantierklæringa før valet. Slik kan vi som fellesskap gå inn i den nye kommunen med felles innsats for framtida vår: Born og unge, representert ved dei som aller mest treng eit ekstra løft.

Når vi møtest i den siste valkampfasen på laurdag, kjem eg til å utfordre dykk alle til å vere med og skrive under på denne garantien.