Den kjedelege økonomien og valflesket kostar

Pressemelding frå Elisabeth Irene Hoel, 4. listekandidat for Stad framstegsparti.

Elisabeth Irene Hoel er 4. listekandidat for Stad framstegsparti.  

Nyhende

Vi er inne i siste innspurt av valkampen. Det har vore nokre travle, men kjekke veker. Eg har tru på at samarbeidsklimaet i den nye kommunen kjem til å åpne godt. Politikerar på tvers av alle partia behandlar, etter det eg ser, kvarandre med respekt og i ein hyggeleg tone. Det er i og for seg godt gjort, når alle vil vinne valet. Korleis klimaet blir når realitetane slår inn over oss, er vanskelegare å sei.


Dei forskjellige partia har alle lova mykje fint. Eg skulle ønskje vi fikk økonomi og handlingsrom til å gjennomføre alt. Fleirbrukshallar i kvar einaste bygd. Realiteten er annleis. Ein plass må pengane hentast, vi vel å prioritere det viktigaste fyrst.


Vi veit at nye Stad kommune kjem til å ha ei samla gjeld på nærare 1,1 milliard kroner. Eller eit tusen eit hundre millionar, om du vil. Det er mykje pengar. Vi har relativt lav rente, ho har vore lav lenge. Vi kan nok også regne med at det kjem nokre uforutsette kostnadar etter at den nye kommunen har blitt til. Stad Framstegsparti vil jobbe for ein ansvarleg økonomi. Vi meiner innbyggjarane er best tent med ein kommune som er best på kommunale tenester. Basistenestene skule, helse, eldreomsorg, og samferdsel er dei viktigaste tenestane vi skal levere på.


Det er ikkje heldig når kommunen engasjerer seg for mykje i næringslivet, det kan bli konkurransevridande. Vi må legge til rette for at næringslivet kan blomstre sjølv, mellom anna ved å rullere planverk effektivt. Vi vil vere ein god støttespelar for det lokale næringslivet. Ein JA-kommune! Stad Framstegpartis valflesk har vore magert i år. Eg veit ikkje om det kvalifiserar som flesk ein gong. Vi vil jobbe for å trygge alle skulevegane, med gang og sykkelsti. Vi vil og arbeide for å få bedre kollektivtilbod. Det bør vere mulig å reise meir med buss i den nye kommunen. Det bør vere mulig å bu heime mens du går på vidaregåande i kommunen.Vi vil jobbe for å rette trykket mot dei rette instansane slik at fylkesvegane rykkar stadig opp i prioriteringane.


Vi vil jobbe for å få enda bedre båtruter, tenk å kunne hoppe på båten i Nordfjord og vere framme i Ålesund 1,5 time seinare. Det hadde vore noko! Stad Framstegsparti har gjennom alle år jobba hardt for realisering av Stad skipstunnel. Vi kan få vekst over heile Nordfjord.


Vi vil jobbe for ein god og verdig eldreomsorg. Statlig finansiert eldreomsorg betyr at pengane er låste til nettopp det. Vi vil jobbe for å etterfølgje “Leve heile livet”-reformen, som vi synest er eit fantastisk verktøy. Vi har tru på å få matlukta tilbake, måltidet er ein viktig trivselsfaktor for alle og einkvar. Selje kommune var på Robek for få år sidan. Dei fleste politikarane lovde å fjerne eigedomsskatten så fort ein kom av Robek. Det valde dei å ikkje halde, sjølv om kommunen gjekk med solid overskudd.Framstegspartiet klarte å få redusert eigedomsskatten med ein promille i Selje. Det er vi glad for. Vi håpar vi får tillit nok til å fjerne den heilt, snarast råd.


Godt val, di røyst teller.

Stad Framstegsparti

Elisabeth Irene Hoel

4. Listekandidat