Støttelaget er aktive

Arrangerte kjekke tur til Valldal og Tafjord

Eid støttelag for funksjonshemma hadde tur med overnatting til Valldal fredag 16. august til laurdag.

TUR: Eid støttelag for funksjonshemma har nyleg vore på ein todagars kjekke tur med overnatting i Valldal. Foto: Privat  Foto: Privat

Det var barske forhold i gamle dagar.

Nyhende

Vi starta frå Stårheim klokka 9, med bussjåfør Håvard Orheim. Turfolket gjekk på bussen innover mot Eid. Vi vart til saman 25 stk når vi reiste frå Eid. Veiret var overskya og 12 grader. Men det var fint turveir.

Andor Smørdal ynskte oss velkomne til tur.


Når vi kom opp i Skredestranda fortalde Einar Haugland om då han jobba i vegvesenet. Han var med då dei bygde tunnelane. Byrja og arbeide der i 1979. Ferdig i 1992. Åpningsfest i Holmøyane 1992.


Ved Honndøla bru hadde vi pause. Henrik Stokkenes hadde ord for dagen. Kalla det Hornindalsvatnet fortel. Det var kjempebra det han fortalde. Vi fekk gå ut og lufte oss før vi køyrde vidare mot Hellesylt og Stranda. Ferje frå Stranda mot Liabygda.


Kom til Valldal ca kl. 12.30. På ein kafe som heitte Fjellro hadde vi mat. Det var tomatsuppe med brød. Etterpå tok vi bilde.

Turen gjekk vidare mot Tafjord. Fyrst tok vi med ei dame som heitte Petra Jemtegård. Ho var frå Hauane. Ho skulle fortelje om turen inn mot Tafjord. Ho hadde med mannen sin. Køyrde gjennom Fjørå-tunnelen. Då låg Vikja til høgre med campingplass og båtplass. Der hadde vore gartneri med roser. No var der jordbærdyrking. Bustadfelt hadde der blitt.


I Tafjord var der smoltanlegg og oppdrett. Frå Valldal til Tafjord var det 19 km. I Fjørå var dei ca 100 fastbuande. 16-17 gardsbruk. Til og med aprikosar kunne bli modne. Køyrde gjennom 3 tunnelar og 4 rasoverbygg. Sola var visst vekke 7 månader i året. Før utbygginga i Tafjord var Muldalsfossen der. Hadde eit fall på 200 meter rett ned. Platået var ferdig i 1890. Der gjekk rør vidare til Sakkarias-dammen.

Det var barske forhold i gamle dagar. Petra fortalde om jordmor Jensine som gjekk over fleire fjell ein gong. Fjorden var frosen.


Der er campingplass og båtplass. Bilar kan køyre til Sakkarias-dammen. Derifrå går det mange turruter. Kaldhusseter og Reindalsseter mellom anna. Vi gjekk gjennom Fundergata som var spesiell. I april 1934 kom raset. I Tafjordulukka omkom det 23 mennesker.

Når vi kom tilbake til Valldal køyrde vi ein tur til Hoel bru. Der var både Klatrepark og Rafting.


Køyrde ned på andre sida av elva mot campingplassen Jemtegård som Petra og mannen hadde vore med og dreve. Der hadde vi stopp. Kaffi og is vart det før vi køyrde til hotellet. Jordbæråkrane låg der. Men jordbærsesongen var over. Enkelte rom hadde utsikt mot fjorden. Middag klokka 19.00. Fekk lammeskanke med tilbehør. Bær og is til dessert. Smakte godt. Sat og prata og såg på utsikta mot fjorden, til vi vart trøytt og la oss.


God frukost dagen etterpå. Laurdagen tok vi ferja kl. 10.00 til Eidsdal. Magnhild Stokkenes hadde ord for dagen. Om at vi lever i masseturismens tid. Ho las noko som Judit Leirvik hadde skreve. Det var om Eidsbygda.


Vi hadde stopp ved Nordal 8 kanta kyrkje. Det var ein velstelt gravplass og fin kyrkjegård. Køyrde ein rundtur så vi fekk sjå oss rundt. Køyrde Ørnevegen mot Geiranger. Hadde ein stopp, så vi fekk sjå på utsikta.


I Geiranger var det to turistbåtar. Masse folk, bilar og bussar. Vi stansa ved hotell Union. Då fyrst kom det regn. Reiste vidare mot Flydalsjuvet. Der var visst 93 meter i høgdeutsikt. Dalsnibba til venstre i 1500 meters i høgde. Djupvasshytta ca 1030 meter over havet. Køyrde tunnelane ned til Oppstryn. Der hadde vi middag på Matstova. Medan vi åt pøsa det ned med regn.

I Stryn hadde vi ein stopp. Då vart det blomster på den flinke buss-sjåføren vår, Håvard Orheim, som takk.

Bjarne Torheim vart 80 år på søndagen. Så han fekk og ein blomst.

Andor takka sjåføren for fin køyring. Og for ein fin tur.

Når dei fleste gjekk av ved buss-stasjonen ca kl 17.30 var vi enige om at det hadde vore ein fin tur.