Samfunnsmålet er det mest sentrale for Høgre

– Det eg har sagt er at det viktigaste for Stad Høgre er at vi kan samarbeide i alle retningar, seier Geir Årvik, listetopp for Stad Høgre som svar på Fjordabladet sitt spørsmål om kva parti dei kan tenkje seg å samarbeide med når valresultatet er klart.

Ordførarkandidat: Geir Årvik er listetopp og ordførar kandidat for Stad Høgre ved lokalvalet komande måndag. Foto: Tormod Flatebø  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–I gamle Eid kommune har det vore eit godt borgarleg samarbeid. I Selje har Høgre samarbeid med Senterpartiet og Framstegspartiet. Dei vi ikkje har erfaring å samarbeide med er SV, som ikkje har stilt liste ved dei siste vala. Om vi blir spurt så vil vi støtte den koalisjonen som gjev mest gjennomslag for Høgre sin politikk, seier Geir Årvik som poengterer at ut frå programma, så er det ikkje dei store skilnadane mellom partia som stiller til val i Stad kommune.