Pressemelding

Populært med nærreist mat

Nærreist mat blir stadig meir populært. Og det er i nordvest ein er størst og best på lokalmat. – Gledeleg, seier lokalmatansvarleg Astrid Mikalsen i Extra Eid.

Det er på kjøkkenet den gode maten vert laga, på samlinga i Vågå sto sjølvsagt lokalmat på menyen, med Inderøysodd, Sognalapskaus og spekemat frå Ringstad. F.v. Odd Ohnstad, Haugen Gardsmat, Ole Ringdal, Olav Jermstad, Coop NV, Astrid Mikalsen, Extra Eid, Vidar Skevik, Inderøymat og Ronny Sørbotten, Coop NV.  Foto: Privat

Det er i nordvest ein er best på lokalmat. Mange av dei lokalmatansvarlege i Coop, frå Sogn til Trøndelag, var sist veke samla til fagleg treff på Sundhågån i Vågå.  Foto: Privat

Nyhende

Nordvest er klart størst på lokalmat, var den klare meldinga frå Coop Noreg, då butikkfolk frå Sogn i sør til Trøndelag i nord var samla i Vågå sist veke.

Solid auke

-  For oss som jobbar med dette kvar dag er det kjekt å høyre. Det er inspirerande å møte kollegaer, og det er lærerikt å høyre kva arbeid dyktige produsentar legg ned i det dei driv med, og korleis det skaper arbeidsplassar og ringverknader i deira distrikt, seier Astrid Mikalsen på Nordfjordeid, som var med på samlinga.

- Vi ser at den gode utviklinga for lokalmaten held fram. Til no i år har vi  auka omsetninga på lokalmat med nær seks prosent, på landsplan i Coop er denne auken to prosent. Det viser seg også at dei butikkane som har eigne lokalmatansvarlege gjer det enda betre, der har auken vore over ti prosent, slår marknadssjef Ronny Sørbotten fast. Han har ansvaret for lokalmaten i Coop NV og ser fleire spennande utviklingstrekk for lokalmaten i det nye større samyrkelaget:

Matkulturar møtest

- Vi ser at matkulturar møtest, t.d. er sodd frå Trøndelag på veg sørover, medan smalehovud frå Solund er på fart nordover. Dette er ein vinn-vinn-situasjon, det gjev større marknader for lokalmatprodusentane og det gjev nye, spennande matopplevingar for kundane. Dette betyr også større produksjon og betre utnytting av anlegga, noko som over tid gjev lågare prisar. Lokalmat er ikkje lenger berre festmat, det er i ferd med å bli kvardagsmat, det er spennande, slår Sørbotten fast.

- Distriktsutbygging i praksis

Og lokalmatprodusentane likar det dei ser, tre av dei var med på samlinga og fortalde om sine bedrifter. Inderøymat i Trøndelag er ei samling av førebels seks matprodusentar, med kring 40 tilsette og ei omsetning på 80 mill. kroner. Dei ser gjerne at fleire et sodd og ost, eller drikk akevitt frå Inderøya:

-  Ja, klart det. Vi ønskjer å bli større, då er det viktig å få plass i nye butikkar og nye distrikt, seier Vidar Skevik.

Ole Ringdal i Hellesylt har over 60 tilsette i kjøtverksemda si.

-  Å satse på lokalmat er distriktsutbygging i praksis, her har Coop Nordvest vore kjempegode. For arbeidsplassane våre er samarbeidet svært viktig, etter at Coop Vest og Orkla Møre fusjonerte til Nordvest, har det gjeve oss ca. 30 nye butikkar og fleire nye område å selje våre produkt i. Det er fantastisk.

- Full fyr i teltet

I Sogn har Haugen Gardsmat nyleg lansert ein ny miljøvenleg lapskaus, basert på topp råvarer frå Lærdal, som elles hadde vorte kasta. Vi snakkar m.a. om poteter og  gulrøter som har vorte sorterte ut på grunn av storleik eller visuelle feil. Og om saue- og grisekjøt som elles hadde fylt opp lagera enda meir.

-  Vi har samarbeidd heile vegen med Coop Nordvest om produktet. Det var full fyr i teltet frå dag ein då vi lanserte produktet for tre veker sidan. Det var eventyrleg, seier Odd Ohnstad. Han fortel at dei etter fire dagar måtte få trykt opp nye «magebelte» kring posane. Dei tre første vekene har dei selt kring 100 posar for dag, og no er Sognalapskausen på veg nordover til Ålesund og Molde, og snart kan den dukke opp i Trøndelag.

- Det er rett og slett eit eventyr. For oss kan det vere starten på noko stort. Det fortel noko om kva mogelegheiter vi har fått vi som satsar på lokalmat i nordvest, slår Odd Ohnstad fast.