Lærer barn og ungdom tryggleik

– I tillegg til å redde liv og hjelpe dei som får problem på sjøen, jobbar vi for å førebyggje ulykker. Vi er spesielt opptekne av å lære barn og ungdom å ferdast trygt i og på vatn.

Stor aktivitet: Det var ein enorm aktivitet då elevar ved barneskulane i Eid fekk opplæring i korleis ferdast trygt på sjøen. Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Det sa Endre Ytreland, regionleiar i Redningsselskapet Region Vest, då Redningsselskapet, saman med naudetatane politi, brann og helse, arrangerte «Førebyggande seglas» for elevar i 5. til 7. klasse ved barneskulane i Eid kommune sist tysdag.