Klar for Nytt på nytt i kveld

I kveld er ordførar Alfred Bjørlo klar som gjest i Nytt på nytt på NRK 1. Nye Stad kommune og mål om 10.000 innbyggjarar er eit tema som får mykje merksemd.

Pernille Sørensen og Alfred Bjørlo fann tydelegvis tonen i studio. I kveld kan publikum oppleve Nytt på nytt med Eid sin ordførar på NRK.   Foto: Ole Kaland

Nyhende

I kveld har Nytt på nytt sesongstart, og har sett kommuneval på programkartet. Dei har hanka inn to ordførarar som har markert seg i valkampen, Alfred Bjørlo (V) frå Eid, og Ida Pinnerød (Ap) frå Bodø.