Vindkraftdebatt i Fellesnemnda:

-For enkelt å berre seie nei

Torsdag drøfta Fellesnemnda I Selje og Eid «Nasjonal ramme for vindkraft på land».

For enkelt: Torsdag drøfta Fellesnemnda for Eid og Selje Nasjonal rammeplan for vindkraft. Dei aller fleste parti uttrykte skepsis for vindkraft på land. Lars-Svein Drabløs (Frp), meinte det var for enkelt å berre seie nei. -Debatten må vere meir nyansert enn som så, sa han.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Bakgrunnen for debatten hadde samanheng med at Olje- og energidepartementet (OED) har lagt ut forslag til «Nasjonal ramme for vindkraft på land», på høyring, der delar av Stad kommune vil verte omfatta som eitt av dei 13 områda som er utpeika som mest eigna for vindkraftutbygging.