Lesarinnlegg:

Følg hjartet ditt og bruk stemmeretten!

Stad Senterparti.  Foto: Privat

Nyhende

På måndag er det kommuneval og fylkestingsval. Du kan vere med å bestemme kven som skal vere folkevalde i kommunestyret og på fylkestinget i Vestland.

Stad trenger eit kommunestyre som forstår behova og finn dei beste løysingane saman også når ein skal prioritere knappe ressursar. Kommunevalet i Stad handlar å velje 33 gode representantar for folket . Du kan velje representantar som vil jobbe for dine verdiar og saker.

Det Stad kommune trenger er at du som innbyggjar brukar stemmeretten din på måndag. Ei stor oppslutnad i valet vil vere den beste starten den nye kommunen kan få!

Husk også at det er fylkesval. Stad og Nordfjord trenger å vere representert på fylkestinget i Vestland.

Om du stemmer Senterpartiet takkar vi for tilliten! Vårt mål er å samle og inspirere til felles innsats for ei positiv utvikling i heile Stad kommune basert på eit sterkt og variert næringsliv. Uansett kvar du bur i den nye kommunen skal du også vere trygg på at vår prioritering vil vere å ha nok hovud og hender ute hos dei eldre, skuleelevar og hos barnehageungane.

Uansett kva du måtte velje, følg hjartet ditt og bruk stemmeretten! God val!