Lesarinnlegg

Stem på politikk som fremjar at flyktningar brukar og utviklar ressursar i Noreg!

Ung politikar: Sagal Abdullahi Ahmed. 

Nyhende

I nye Stad kommune kjem det til å bu flyktningar. Spesielt har Eid teke i mot mange dei siste åra, både einslege og familiar. Det er bygd opp god kompetanse på mottak og integrering. Kommunen har lukkast betre enn landsgjennomsnittet med at vaksne kjem i utdanning eller arbeid etter introduksjonsprogrammet.

Samtidig ser vi hindringar for at flyktningar får bruke ressursane sine til beste for oss alle i dette landet. Mykje er avhengig av regjeringa sin politikk, og denne politikken fører dessverre til tilbakegang på området. Mellom anna verkar trussel om tilbakesending og innstramming i familiegjenforeining negativt inn på integrering. Trass i denne statlege politikken, kan vi på nokre punkt også ved kommune- og fylkestingsvalet påverke forholda med vår stemme.

I Vestland SV sitt program for vidaregåande skular finn vi politikk som fremjar at flyktningar kan utvikle og nytte sin kompetanse:

- Ein skulestruktur for VGS der flest mogeleg kan bu heime. Dette er viktig for alle, men spesielt for dei som har flykta i løpet av livet sitt, og har streva fram eit nettverk der dei no bur. Dei som har kome åleine som mindreårige, er spesielt sårbare på dette punktet. Flyktningforeldre som i vaksen alder må ta VGS for å få utdanning, må få bu saman med borna sine utan å vekependle.

- Nærskuleprinsippet skal leggast til grunn ved inntak. Ein segregert skulestruktur blir resultatet ved fritt skuleval, slik vi ser til dømes i Oslo. Dette er spesielt uheldig for innvandrarar og innvandrarar sine barn, inkludert flyktningar.

- Gratis frukost for alle VGS i Vestland, ikkje berre Hordaland. Dette er spesielt viktig for einslege mindreårige flyktningar.

- Læreplassar: Vestland SV løftar spesielt fram fagopplæringa, og vil arbeide for fleire læreplassar i offentleg regi, tilskot til verksemder som bidreg med læreplassar og meir praksis i utdanningane. Ein vil tilby fleire fagopplæringstilbod tilpassa framandspråklege elevar, slik Firda vidaregåande skule har gjort med stor suksess. Det har store fordeler å snu utdanningsløpet slik at ein får meir praksis i starten. Ein av forfattarane av dette innlegget, Sagal, er no lærling i helsefag og har erfaring med dette. Det var utfordrande å starte på fagutdanning etter berre tre år i Noreg. Ved å sjølv skaffe seg høve til å arbeide på sjukeheim ved sida av, gjekk det raskare å lære norsk, og det vart lettare å forstå helsefag. Ikkje alle er så heldige at dei kan ordne dette sjølve. Vestland SV vil arbeide for fleire skuleplassar der hovudvekt på praksis kjem først.

Familiar som har flykta, kan ha hatt eigedom og god økonomi før krig og flukt. Krigshandlingar og flukt gjer likevel at familien oftast må starte på null i Noreg. Likeeins kan vaksne flyktningar ha høg utdanning som ikkje blir godkjend i Noreg, eller krig og flukt har hindra dei i å ta utdanning. I begge tilfelle er ufaglært arbeid eller norsk utdanning i vaksen alder vegen å gå. Dette er noko av grunnlaget for at vi finn så mange familiar som har flykta mellom låginntektsfamiliar i landet vårt. Supplerande sosialhjelp kan bli nødvendig i periodar i mange år, særleg når foreldre vel å nytte ressursane sine til å ta utdanning i Noreg. Det har stor betydning korleis kommunale ordningar legg til rette for born i låginnteksfamiliar, også når bakgrunnen for dette er krig og flukt. Fattigdom fremjar ikkje nokon sine ressursar, verken vaksne eller barn sine. Stad SV har programfesta å

- Kjempe for gratis SFO til alle barn

- Sikre lav eigenbetaling i barnehage og kulturskule

- Sikre at barnetrygd ikkje blir rekna som inntekt når ein søkjer sosialstønad.

- Samarbeide med lag og organisasjonar for å sikre rimelegare avgift for fritidsaktivitetar, og gjere det enkelt å søke direkte til kommunen om redusert eigenbetaling. Dette kan gjere det enklare å prioritere fritidsaktivitetar for foreldre som ikkje er vant med dette frå heimlandet.

SV har på landsplan lenge kjempa for gratis skulemat og heildagsskule der leksehjelp er inkludert i skuledagen. Heildagsskulen vil vere viktig for barn i flyktningfamiliar som har mindre høve til leksehjelp heime, og skulematen er ein føresetnad for å halde på konsentrasjonen fleire timar. Fleire parti har kome etter på desse punkta, så dette skal vi kjempe fram om to år.

No gjeld det å stemme fram god lokal og regional flyktningpolitikk. Godt val!