Lesarinnlegg

Makt og avmakt

Valtid: - No har du makt til å påverke, oppfordrar Judith Kvåle. 

Nyhende

«Dagarna mörknar minut för minut» syng Aria Saiomaa kvart år på desse tider. Hausten er komen, og med den kjem kommune- og fylkestingsvalet. Den dagen kvart 2. år har ein makt til å påverke den rødyndomen ein lever i – enten det er stortingsval, kyrkjeval eller kommune- og fylkestingsval. Den dagen er det innbyggarane som har makt til å fordele makt.


Eit godt stykke tilbake i tid - då eg var fattig student, åleine om omsorg for to barn, vart makt eit stort ord for meg. Det tyktes meg at dei som hadde makt meinte dei forvalta denne til beste for alle, medan eg, og mange med meg, følte ikkje å verte forvalta vel – men kjende på ei stor grad av avmakt. Eg opplevde å vere prisgjeven andre for å kunne mestre det einaste som var viktig for meg – ei trygg framtid for borna mine. Det var altså ei misoppfatning mellom dei som hadde/følte makt og dei som kjende avmakt. Eg såg og at denne avmakta var grunnlaget for både politikarforakt og det at enkeltmennesker vel å trekke seg vekk frå eit samfunn som har vorte kaldare. Sidan har eg arbeidd for å endre - eit lite steg om gongen.


Det var også i denne perioden eg skjønte at jo meir bombastiske og sikre politikarane var – jo lettare dei sa blankt ja og blankt nei til ting – jo meir vart eg lurt. Det er lett å seie ja til noko folk vil ha – men det er vanskelegare å seie nei til det som må nedprioriterast for å få det til. Kvar gong ein set totale grenser er faktisk resultatet at nokon fell utanfor. Det ser ein i m.a forvaltningen av AAP, uføretrygd og andre fellesskapsgoder – reglane er vorte rigide og lite omsynstakande.


I eit kommunestyre er makta vorte svært avgrensa. Kroner og ører styrer, og ut over lønningar og lovpålagde oppgåver, er det ikkje så stort handlingsrom. Det er då klokskap i forvaltninga er viktigast. At dei rette oppgåvene vert prioritert. At nokon har vilje og makt til å la det som er viktig i kvardagen til den einskilde innbyggar vere i fokus:


· God og verdig eldreomsorg


· Barnehagetilbod med god kvalitet


· Trygge, gode læreforhold i skulane


· Eit samfunn med plass til alle


· Levande lokalmiljø i heile kommunen


· Heile stillingar som tilsette kan leve av


· Likskap mellom enkeltmenneske og forutsigbare rammer for alle. Med mykje meir.


Dette er verdiane Noreg er bygd opp rundt – og det er veridane til Stad AP


Når du skal delegere makt på måndag den 09/09 2019 må du tenke over fylgjande: Når pengane skal fordelast; kven er truverdige til å fordele etter dei verdiane det norske samfunnet er bygd på? I eit samfunn der ein ser at albogar vert spissare og makt er vorte eit mål i seg sjølv, er det endå viktigare at dei personane som du gjev tillit til ved valet, har både dei mellommenneskelege evnene til å sjå kva som må gjerast, og gjennomføringsevne og ryggrad nok til å faktisk gjere det.


Godt Val!