Lesarinnlegg

Godt lokalt val!

  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Nyhende

Sidan 2011 har eg hatt gleda av å vere ordførar i Eid. Det har vore åtte flotte år, med eit lokalsamfunn i sterk utvikling. Vi har saman klart å «knekke koden» for å skape vekst i distrikts-Noreg. Eid opplever no folketalsvekst, tilflytting og optimisme.

Min motivasjon for å drive politikk, er å drive samfunnet framover. Vere med å gjere kvardagen litt betre dag for dag. Få alle gode krefter til å spele på lag og dra i same retning. Legge grunnlaget for at Eid, Stad og Nordfjord i framtida blir ein minst like attraktiv stad å bu som Oslo eller Bergen.


Det krev knallhardt arbeid - kvar einaste dag. Vi er ikkje i mål, vi har berre så vidt byrja.

Mitt kanskje viktigaste løfte til deg er difor dette: Eg kan love å stå på like hardt som ordførar i Stad som eg har gjort i åtte år i Eid - for å løfte lokalsamfunnet og gje folk trua på framtida.

Men det krev eit sterkt Venstre i det nye kommunestyret i Stad. Difor ber eg om at du gjev Stad Venstre tillit ved valet - og nyttar Stad Venstre si liste med 39 dugande folk frå Eid, Selje og Bryggja.

Uansett: Nytt røysteretten - og hugs at dette valet handlar om Stad og Vestland, ikkje om partileiarane du ser på TV.

Du røystar ikkje på Trine, Trygve, Erna eller Jonas - men på Alfred, Paul Jacob, Geir eller Siri.

Godt lokalt val