– Vis større respekt til skuleborna

– Alle må syne større respekt for tryggleiken til skulebarna og ungdomen, fastslår politiinspektør Arne Johannessen, leiar GDE Sogn og Fjordane.

trygg skuleveg: Politiinspektør Arne Johannessen.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Politiet i heile landet har gjennomført aksjon skulestart med fokus på trygg skuleveg. For Sogn og Fjordane har det vorte kontrollert 1.320 køyretøy. Det gav 51 reaksjonar, det vil seie 3,86 prosent av dei kontrollerte. Dette er den høgaste reaksjonsprosenten politiet har hatt sidan 2016 då det var 5,27 prosent. Mellom anna har det no vorte tatt ein for ruskøyring, og to førarkort er beslaglagt for høg fart forbi skule. Det har også vorte gitt 26 forenkla førelegg for høg fart ved/forbi skular.

– Det positive er at vi har ingen reaksjonar på mobilbruk eller manglande sikring av born i bil, seier han.