Fjordabladet inviterte til valdebatt på Stadlandet:

– Okla-konsesjon hadde aldri blitt gitt i dag

Fleire av førstekandidatane var klare på at dei vil gjere det som kan gjerast for å eventuelt stoppe ei Okla-utbygging på Stadlandet – medan andre meinte det er for seint.

Valdebatt: Ein av desse vert den første ordføraren i nye Stad kommune. Dei møttest til debatt på Stadlandet tysdag. F.v. Håkon Sjåstad (SV), Ronald Dalsbø (KrF), Siri Sandvik (Ap), Paul Jacob Helgesen (Sp), Anfinn Sjåstad (Frp), Alfred Bjørlo (V) og Geir Årvik (H). Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Vindkraft stod på programmet då Fjordabladet inviterte til siste valdebatt i nye Stad kommune, der alle partia sine førstekandidatar stilte. Rundt 80 var samla på Stadlandet grendehus tysdag kveld.