Lesarinnlegg

– Lokalpolitikk handlar om prioritering

Nyhende

I ein valkamp vert det gjerne slik at dei ulike partia vert ganske like, på den måten at alle vil satse på alt.  At vi vil satse på alt er lett å seie, men verre å få til.  Eg har lyst til å vere litt meir konkret, og seie at for Stad KrF er desse sakene viktigast:

  1. At Stad kommune skal føre ein ansvarleg økonomisk politikk.  Slik at lånegjelda ikkje vert for tung å bere, for det kan føre til at vi vil slite med å levere på dei tenestene vil skal levere på.
  2. At barnehagane og skulane ikkje vert lagt ned i distrikta, fordi dei er heilt avgjerande for at barnefamilier skal kunne bu og flytte til utkantbygdene.  At det bur folk i utkantbygdene, kan koste nokre kroner ekstra på enkelte budsjett, men har enormt stor verdi.  Både no og i framtida. 
  3. At eldretun, eldreboligar, omsorgsboligar og sjukeheimar finst i nærleiken.  Besøksvegen må ikkje verte for lang for dei pårørande.
  4. At vi legg vinn på nødvendig og førebyggjande vedlikehald av eigedomar, vegar, leidningsnett og vassforsyning.  Dette er viktige verdiar som vi politikarane forvaltar på vegne av fellesskapet.
  5. At vi tek vare på naturen vår, og seier klårt nei til vindindustri i vår urørde natur.
  6. At vi tek klima- og miljø utfordringane på alvor, på alle felt i kommunepolitikken.

Samtidig må vi leggje til rette for næringsutvikling, bustadbyggjing, trivsel, turisme og vekst.  Stad kommune har eit enormt potensiale, og vi politikarane må balansere mellom å vere ivrige og audmjuke, for å kunne utnytte dette potensialet på ein god og berekraftig måte.

Om desse sakene er viktige for deg, då har du ein god alliert i Stad KrF.

Godt val