Eid vidaregåande skule:

SV størst i skulevalet

Sosialistisk Venstreparti (SV) vart det største partiet under skulevalet ved Eid vidaregåande skule tett følgt av Senterpartiet og Venstre.

Mathias Husevåg (16) røysta Senterpartiet ved skulevalet på Eid vgs. –Eg valde Sp fordi dette partiet har den mest truverdige distriktspolitikken, samstundes som partiet er opptatt av viktige næringar som landbruk, sa Mathias som var klar på at 16-åringar burde få røyste vede lokalval.   Foto: Tormod Flatebø

Ramin putta for første gong i sitt liv ein røystesetel i ei valurne. Håvar Fagerli, avdelingsleiar ved den vidaregåande skulen, såg etter at alt gjekk rett for seg.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Sist tysdag vart det gjennomført skuleval ved Eid vidaregåande skule. Skulen har 335 elevar, og 291 av desse røysta ved skulevalet, noko som er ei valdeltaking på 86,9 prosent. SV var partiet som fekk flest røyster blant elevane, med 24,0 prosent (67 røyster). Deretter følgde Senterpartiet med 21,1 prosent (59 røyster, og Venstre med 20,8 prosent (58 røyster).  Arbeidarpartiet fekk 48 røyster og med det 17,2 prosent.

Valstatistikk              

Tal elevar ved skulen335
Tal gjevne røyster291
Deltakarprosent86,9 %
Tal godkjende røyster279
Tal forkasta røyster0
Tal blanke røyster12

Valresultat

PartiRøysterProsent
Arbeidarpartiet4817,2
Demokratene10,4
Fremskrittspartiet51,8
KrF20,7
Høyre248,6
MDG62,2
NKP10,4
Pensjonistpartiet10,4
Piratpartiet31,1
Raudt41,4
Senterpartiet5921,1
SV6724,0
Venstre5820,8

Folkeaksjonen nei til meir bompenger, Helsepartiet, Liberalistene  og Partiet de kristne fekk ingen røyster under skulevalet på Eid vidaregåande skule.