Kviafossen

SFE får rive røyrgatene

TSU vedtok med 6 mot 2 røyster å gje SFE Produksjon AS rammeløyve for riving og sanering av to røyrgater i Kviafossen kraftverk.

RØYRGATA I KVIAFOSSEN: Verdifullt kulturminne, eller gammalt skrap som bør fjernast.  

Nyhende

Grunngjevinga er at tiltakshavar i 2019 har gjort ei ROS-analyse på kraftstasjonen som mellom anna viser risiko for skade på 3. person dersom dei tek seg inn på området

Framlegget som vart vedteke vart sett fram av utvalsleiar i TSU, Alf Reidar Myrstad (Sp)

Tilrådinga frå rådmannen var at Eid kommune skulle vedta mellombels forbod mot tiltak i fire år, i påvente av ny detaljreguleringsplan.

Er eit utvald kulturminne

Kommunedelplanen for kulturarv definerer Kviafossen kraftanlegg som utvald kulturminne. Dette er grunngjeve med at kraftverket vitnar om historia om elektrisk kraft og kommunen si rolle i denne samfunnsutviklinga. Aktuelle tiltak i plan er formidling / utvikling og vern / bevaring. Som aktuelle tiltak er det i planen føreslege å bidra til å registrere, verne gjennom plan- og bygningslova, og bidra til utvikling gjennom samarbeid med eigar.

Det er sett som eit av måla med kulturarvsatsinga i Eid kommune at kommunen skal verne kulturminne som vert vurdert til å ha ein lokalt viktig verdi, gjennom planar etter pbl. Eit av tiltaka for å nå desse måla er beskrive som å vurdere behov for oppdatering av kommuneplan og reguleringsplanar med utgangspunkt i kjende kulturminneverdiar- og oppdatere desse planane med nye omsynssoner ved behov.

Dette tiltaket er plassert som «tiltak etter 2020» (ikkje prioritert) i handlingsdelen til kulturarvplanen for Eid kommune.

Tenkepause

Sylvia Hammersvik (V) peika på at Kviafossen er eit kulturminne som er veldig spesielt. Ho argumenterte for at det kan vere rett å ta ein tenkepause, slik rådmannen la opp til i si tilråding.

– Å rive kan framstå som historieløyse, påpeika Vigdis Heimdal Reksnes (SV).

Debatten i utvalet viste at fleire var litt i tvil om kva som var rett å gjere.

– Er røra så dårlege som dei seier, så har dei ingen verdi. Men det er SFE si plikt å sikre. Det kan dei klare å ta på seg i fire år til, poengterte Jon Martin Holmøy (V).

Stor risiko

Utvalsleiar Alf Reidar Myrstad (SP) og fleire andre som sa ja til riving la vekt på at røyrgatene er i dårleg forfatning og at det er ein stor risiko ved å ha dei ståande.

Det vart også vist til at SFE har prøvt å få løyve til å starte opp att med kraftverk her, men har fått avslag med bakgrunn i lakseinteresser og at det er eit verna vassdrag.