Innspurt i valkampen

-Bruk stemmeretten

Framleis er det mykje smil og blide fjes hos lokalpolitikarane no innspurten i valkampen.

Alle: Samarbeid mellom partia i nye Stad kommune lovar godt når dei gjerne stiller opp på fellesbilde. Alle foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes  Foto: Ingebjørg NIlsen Stokkenes

Beste stand: Laurdag sjekka vi serveringa på valstandane, og SV med sveler, SV-muffins og plommer og ein kreativt utforma stand skilte seg klart ut. 

Spennande val: Tidlegare Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) meiner det er viktig å få inn politikarar som er brubyggjarar i nye Stad.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Laurdag stod partia på rekke og rad.

– Her møter ein folk frå alle plassar, også mange frå Sunnmøre. Mange eidarar som nskjer vidare positiv utvikling. Men vi møyter vidt spekter av meiningar. Uansett kvar vi møter folk er dei opptatt av sine bygder og lokalsamfunn, og at ein skal få til eit godt samspel i ny kommune. På Stad og Selje er det overraskande lite snakk om vind. På Leikanger er det gjerne opptatt av ungdomsskulen og at den kan vere sårbar, fortel Paul Jacob Helgesen, ordførarkandidat for Sp.

Viktig med brubyggjarar

Også tidlegare Stortingsrepresentant for Sp, Erling Sande, var på plass for å heie fram sin partikollega som han meiner bør bli den første ordføraren i Stad kommune.

– Eg har følgd valkampen på sidelinja, og registrerer at Regjeringspartia sin politikk ikkje når heilt fram til mange rundt kaffiborda som er imot sentralisering. Frå Oslo har det vore ein klar sentraliseringspolitikk. No er det nok, meiner han.

Sande konstaterer også at det kan vere utfordringar når ein no slår saman Selje, Eid og Bryggja til ny kommune.

– Det blir viktig å få politikarar som er brubyggjarar av den nye kommunen når ein no skal leve vidare i lag, seier han.

Fleire av partia i Stad har valt sine førstekandidatar frå Selje kommune, utanom Sp som har ein fot i kvar kommune, og Ap og V der ordførarkandidatane er får Eid.

– Det er nok eit uttrykk for at heile kommunen skal med. Det å ha synlege politikarar frå ytre strøk er ikkje eit negativt startpunkt, sjølv om dei er langt færre innbyggjarar. Det er ein fordel å ha politikarar frå heile kommunen. Og så spelar politisk farge inn. Om du er H eller Ap så vil du krysse flinke folk. Men det er først på valdagen vi veit svaret korleis folk har stemt, smiler han.

Engasjement

Fleire av politikarane fortel at dei også møter mange som ikkje har meiningar om kva parti ein skal stemme. Dei oppfordrar dermed folk til å engasjere seg i samfunnet, kanskje finn eit parti som ein kan peike ut ei retning i samfunnet som bør bli sterkare.

– Det viktigaste er at folk brukar stemmeretten sin, er oppfordringa frå lokalpolitikarane som stod på stand på laurdag. Kvar einaste stemme tel, er deira bodskap.

Sjekka serveringa

Laurdag sjekka vi også ut serveringa dei bydde fram på sine valstandar.

– Det er SV som er best der, innrømma Helgesen, som sjølv berre kunne by på kaffi og moro med grøne rockeringar.

– Her har vi både sveler, SV-muffins og plommer, freista Tonje Løfsnes Sjaastad i Stad SV. Vaffeljernet til Stad Frp var også i sving denne laurdagen, og dei meinte det måtte vere eit pluss at dei stilte med glutenfrie vaflar.

Hos Stad KrF er gult kult.

– Vi har hatt vaflar før, men denne gongen gjekk vi for gult godteri, fortalde Hjørdis Dalsbø, og bydde fram både Smørbukkarameller og Safarikjeks.