- Bli med i Besteforeldrenes Klimaorganisasjon

– Eg er bekymra for barna våre og klimaet, seier Thorleis Jacobsen frå Eid.

KLIMAKRISE: Thorleif Jakobsen ønskjer fleire i Besteforeldrenes Klimaorganisasjon.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Han er Besteforeldrenes Kimaorganisasjon sin kontaktperson i Sogn og Fjordane, som no gir ut eit hefte med 8 klimavettregler.

Jacobsen minner om at din lokale klimapolitikk kan vere med på å skape lavsleppssamfunnet. Han vil gjere ha med seg fleire lokale besteforeldre.

– Vi har ei utvikling i samfunnet som ikkje er bra, og vi ligg dårleg an til neste generasjon, No må vi sette på bremsene, meiner han. Fleire stadar i landet var det i helga arrangement med «klimabrølet».

– Alle honnør til ungdommen som bryr seg, seier han som gjerne skulle sett at det vart etablert eit lokalt lag av Natur og Ungdom.