Bjørkedalen kystlag

Båtbyggartradisjonane samla

Båtbyggjartradisjonene på Bjørkedalen er no samla mellom to permar.

Samla: Båtbyggjartradisjonane i Bjørkedalen er no samla mellom to permar. foto er omslagsfoto boka av Ola Einang 

Nyhende

Måndag inviterte Bjørkedal kystlag til lansering av boka «Båtbygging på Bjørkedalen» på Volda folkebibliotek.

Boka er ei artikkelsamling som gir eit innblikk i båtbyggjartradisjonen på Bjørkedalen. Gjennom ei samling av tidligare og nyskrivne artiklar, med fleire forfattarar og ulike vinklingar, får ein kjennskap til eit båtbyggjarmiljø og ein båtbyggjarkultur av svært stort omfang. Frode Sætre er redaktør og Bjørkedal kystlag er utgjevar av boka.

Spreidde kjelder

Skriftlege kjelder om denne båtbyggjartradisjonen har tidlegare vore spreidd og lite samla, og nokre kjelder har ikkje vore digitalisert. Ut frå dette er hovudmålsetjinga med denne artikkelsamlinga å få samla mykje av det skriftlege materialet om båtbygginga på Bjørkedalen mellom to permar. Dette er interessant for trebåtentusiastar, for dei som er interesserte i kystkultur, kystfriluftsliv, historie, språk, og folk med tilknyting til Bjørkedalen. Vidare vil det vere ein kunnskapsbase for studentar ved Høgskulen i Volda, som vert interesserte i bjørkedalsbåtane gjennom Seksjon for idrett og friluftsliv sine kurs på Yksnøya.

Vidareformidling

- Å samle, ta vare på og vidareformidle historia om ein båtbyggjartradisjon, har nytteverdi i seg sjølv. Vi tek vare på noko av vår eiga historie, og det kan gi oss, og komande generasjonar, utvida innsikt også i eiga samtid. Vi tek vare på språket, ord og uttrykk og byggjeteknikkar, noko som har verdi både for oss som lever i dag og for etterkomarane våre. Å ta vare på eit stort nynorsk ordforråd vil gi ein rikare kommunikasjon, både i samtid og framtid, opplyser Tove Aurdal Hjellnes i Bjørkedal kystlag.

Kvifor ei båtbyggjargrend

Det vert fortalt om kvifor Bjørkedalen vart ei båtbyggjargrend, omfanget av båtbygginga, ulike båttypar, historier frå båtbyggjarmiljøet, ord og uttrykk knytt til båtane og byggjeteknikk ved klinkbygging av båt. I tillegg vert det fortalt om rekonstruksjon av ei sunnmørsjekt, båtdraging, Bjørkedal kystlag og båtsamlingane, sentrale personar og erfaringar frå bruk av klinkbygde båtar.

Overskotet frå salet av artikkelsamlinga vil gå til Bjørkedal kystlag sitt viktige arbeid for å bevare og levandegjere kystkulturen, vår felles kulturarv, heiter det i ei pressemelding.