Lesarinnlegg

Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag

Ordførarkandidat: Geir Årvik er listetopp og ordførar kandidat for Stad Høgre ved valet 2019.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Stad er eit livskraftig g trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Dette har ei einstemmig Fellesnemnd for Stad 2020 sett som samfunnsmål for den nye samanslegne kommunen. Skal vi lukkast med dette betyr det at vi må sjå HEILE den nye kommunen. Dette betyr igjen at å tryggje og utvikle dei strukturane vi i dag har innanfor oppvekst vert ei prioritert oppgåve. Borna våre skal sleppe å køyre over lange avstandar for å oppleve trygge og gode tilbod.

Eit livskraftig og trygt samfunn pliktar vi og å gje til dei eldre i samfunnet. Hjelp og pleie skal i størst mogeleg grad skje der dei eldre er, og er kjende. Avstandane til pårørande skal vere slik at det er lett å besøkje dei som er i ein fase der eldretun eller sjukeheim er alternative opphaldsstadar. Igjen krev dette at vi også her opprettheld strukturane på eldretun og sjukeheimar.

Skal vi lukkast med dette må vi også syte for at kommuna får inntekter. Effektiv sakshandsaming og tilrettelegging av areal for både verksemd og husbygging vert difor viktig. Vi har og sagt at vi vil stå for ein ansvarleg økonomisk politikk. Dette betyr at vi må prioritere mellom det vi MÅ ha og det som er kjekt å ha.

Stad Høgre har alt dette som prioriterte oppgåver i komande periode. Som overskrifta viser klarer vi ikkje dette åleine. Vi VIL spele på lag med administrasjon, tilsette, innbyggjarar og aktørar både i privat og offentleg verksemd. Vi trur på Stad og vi lovar å gjere alt vi kan for at vi skal nå samfunnsmålet og at innbyggjarane i heile kommunen, unge og eldre, frå ytterst på kysten til innerst i fjorden skal ha denne kjensla av tryggheit og livskraft.

Godt val!