Oppstart av fagskuleutdanning

– Ein historisk dag

– Ein historisk dag. Det sa Eid-ordførar Alfred Bjørlo(V) då han i dag ønskte 27 fagskuleelevar velkomne til oppstart av eit treårig deltidsstudium innan elektro og automasjonsfag med base ved Eid vgs på Nordfjordeid.

Første samling: I dag var det oppstartssamling på Nordfjordeid for studentane som skal ta ingeniørutdanning innan elektro og automasjon.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Studentane kjem frå Nordfjord, Sunnfjord og Sunnmøre, og det er i utgangspunktet lagt opp til seks tredagars samlingar per år. Mykje av undervisninga vil vere nettbasert, og dei fleste studentane kombinerer studiet med vanleg jobb innan elektrobransjen. Utdanninga vil gje grad som fagskuleingeniør.