Uttak av pukkellaks

Her er Per Ingvar Langeland (t.v.), styreleiar i Eid Elveeigarlag saman med Inge Arthur Refsnes (t.h.), leiar i Eid Sportsfiskarlag.  Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Eid elveeigarlag v/Per Ivar Langeland har fått løyve til å fiske ut pukkellaks frå Eidselva ved bruk av lys og harpun i 2019. Løyvet er gjeve med heimel i lakse- og innlandsfisklova og vurdert etter naturmangfaldlova.

Vilkåret er at fiskerettshavarar/grunneigarar skal orienterast om fisket. Utstyr som er brukt i anna vassdrag skal desinfiserast før bruk i nytt vassdrag og fisket skal rapporterast til Fylkesmannen

Pukkellaks er ein framand art som vil kunne påverke dei naturlege bestandane av laks og sjøaure negativt. Det er ein nasjonal strategi å hindre at arten etablerer seg i norske vassdrag. Fisket er ikkje venta å få noko negativ effekt på laks eller sjøaure.