Jordskjelv fredag kveld

Registrert på Stårheim

Fredag kveld rista bakken og eit smell kunne høyrast i fleire bygder rundt om i Eid.

Fredag vart det registert eit jordskjelv ved området rundt Stårheim.  

Nyhende

Fredag kveld høyrde fleire rundt om på Nordfjordeid og i bygdene rundt eit høgt smell og risting i bakken. Ifølgje politiet har dei vore i kontakt med Jordskjelvstasjonen i Bergen, og det skal ha vore eit jordskjelv som har gjort utslag på fleire av målestasjonane.

Ifølgje NORSAR (jordskjelv.no) skal det vere eit mindre skjelv som er målt til 2.6 på Richters skala og er registrert i området rundt Stårheim klokka 20:32. Skjelvet skal ha ei dybde på ti kilometer, men NORSAR opplyser om at dette er noko usikkert. Det skal ha blitt registert fleire jordskjelv i området tidlegare. Sist gong det vart registert eit skjelv i nærleiken av Stårheim skal ifølgje NORSAR vere i 2017, då det vart målt eit skjelv på 1.50 på Richters skala.

Det skal ikkje vere registrert person- eller materielle skadar, ifølgje politiet.

Tidlegare i august

Det har vore fleire jordskjelv i område rundt Nordfjord i august. Det vart mellom anna registrert eit skjelv utanfor kysten av Måløy/Bremanger målt til 1.5 grader på Richters skala heilt i starten av august. Det vart også registert eit jordskjelv målt til 2.8 grader i ytre Solund.