Åtte vart avregistrerte

Statens vegvesen hadde storkontroll på Grodås fredag.

Fredag hadde Statens vegvesen storkontroll på Grodås.  

Nyhende

Totalt vart 802 køyretøy kontrollert ved hjelp av ANPR (kjennemerke godkjenning) då Statens vegvesen hadde kontroll på Grodås fredag. 15 av køyretøya vart stoppa for nærmare kontroll. Ifølgje Statens vegvesen vart åtte køyretøy avregistert og kunne ikkje køyre vidare. Avregistreringane hadde for det meste bakgrunn i utført kontroll på seks av køyretøya og manglande forsikring på to av køyretøya. Det vart også skrive fem mangellappar grunna ulovleg senka køyretøy og film på sideruter framme.