Vestland Venstre ønskjer meir kraft i utviklinga av Nordfjord

Eit «Statens og Fylkets hus» på Nordfjordeid

Fjordabladet har stilt spørsmål til partia som stiller liste til fylkestingsvalet i Vestland. Her kjem svara frå Gunhild Berge Stang, 1.kandidat Vestland Venstre.

SAMLA FAGMILJØ: Gunhild Berge Stang frå Fjaler toppar fylkestingslista til Vestland Venstre. Partiet ønskjer å bygge eit samla fagmiljø på Nordfjordeid for fleire statlege og regionale forvaltingsoppgåver: Eit «Statens og fylkets hus» på Nordfjordeid. 

Nordfjord er ei «skjult perle» i nye Vestland

Nyhende

–Kva veit du om utfordringane i Nordfjordregionen, og kva vil du gjere for å løyse dei?

–Eg kjenner Nordfjord godt! Har hatt nokre av dei beste åra i livet mitt som elev på Firda vgs. og seinare som kultursjef i Bremanger. Der lærte eg å kjenne kulturlivet i heile Nordfjord, og har blitt meir og meir glad i både folk og landskap.

–Nordfjord er ei «skjult perle» i nye Vestland, med eit enormt potensiale for vekst. Næringslivet i regionen er sterkt frå ytst til inst, framtidsretta og variert. Kulturliv og skulevesen er i særklasse godt, og avstandane er ikkje større enn at det er mulig å utvikle Nordfjord som éin samla bu- og arbeidsmarknadsregion.

–Med nye og større kommunar i Nordfjord (Stad og Kinn) og flytting av fleire oppgåver frå stat til dei nye fylka slik Venstre har gått i bresjen for, er det etter mitt syn mulig å få meir kraft i utviklinga av Nordfjord enn i gamle Sogn og Fjordane – der Førde og Leikanger var dei einaste to administrasjonsstadane.

–Venstre meiner vi skal bruke dei vidaregåande skulane i Nordfjord som springbrett for å utvikle sterkare «basar» for Vestland fylke i Nordfjord. Vi ønskjer også å bygge eit samla fagmiljø på Nordfjordeid for fleire statlege og regionale forvaltingsoppgåver: Eit «Statens og fylkets hus» på Nordfjordeid.

–Venstre ynskjer meir desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning i Nordfjord. Det kjem no i stand hausten 2019 mellom anna på grunn av den nye Høgskulen på Vestlandet som Venstre har vore ein pådrivar for.

–Vi treng også betre samferdsle i Nordfjord, mellom anna bru Lote-Anda, gode fly-, buss- og båtruter og opprusting av fylkesvegnettet.

– Kva vil ditt parti gjere for at Nordfjord ikkje skal bli ein utkant i Vestland fylke?

–Eg trur at det er mulig å bygge opp meir desentraliserte fagmiljø i nye Vestland fylke enn i det «gamle» Sogn og Fjordane, der mykje handla om Førde og Leikanger. Nordfjordbrua Anda-Lote og gode, samanhengande buss- og båtruter til Bergen er også viktig for å binde Nordfjord saman med resten av Vestland fylke.

–Dessutan: Målet på sikt må vere eit samla Vestland, der heile eller deler av dagens Møre og Romsdal også er med. Då er Nordfjord «bruhovudet» mot nord! Det vil vere då vere viktig for Venstre i Vestland fylke å utvikle Nordfjord og etablere satsingar og ny aktivitet her. Det vil styrke banda mot Sunnmøre og nordover. I eit slikt nytt og større Vestland er ikkje Nordfjord lenger ein utkant, men eit midtpunkt!

Samferdsle

– Vil ditt parti vere ein aktiv pådrivar for realisering av ferjeavløysing i form av bru mellom Lote og Anda?

– Ja, Venstre støttar heilhjarta bru mellom Lote og Anda som eit ferjeavløysingsprosjekt.

– Korleis vil ditt parti prioritere mellom følgjande samferdsleprosjekt i Nordfjord.

·Utbetring av FV 620 Årsheimstranda

·Utbetring av FV 618 Kjøde – Almenningsfjellet

·Utbetring av FV61 Brubakken – Naveosen

·Utbetring av FV664 mellom Furefjæring – Navelsaker

·Opprusting av FV661 og ny Espe bru

– Navelsaker-vegen er på eiga, øyremerka prioriteringsliste for rassikringsprosjekt. Venstre har kjempa for å få Navelsaker-vegen høgt på denne lista, og for å auke dei nasjonale midlane til rassikring. Vi vil ut frå det arbeide for oppstart av rassikring av Navelsaker-vegen med ny tunnel i komande fylkestingsperiode.

–Av dei andre fylkesvegane er Fv620 høgast på prioriteringslista i gjeldande vegplan for Sogn og Fjordane. Venstre vil kjempe for rask opprusting av denne viktige vegen for nye Stad kommune og deretter opprusting av Fv618 og Fv61. Når det gjeld Fv661 meiner vi det er mulig å få gjort mykje rimeleg raskt under potten «mindre investeringstiltak», utan at ein treng å vente på prioritet opp mot andre, større vegprosjekt.

Skule og utdanning

–Sett opp mot prioriteringar av midlar til andre føremål, kor viktig er det å behalde dagens struktur med nærleik til heimstaden for elevar innan vidaregåande opplæring?

–Venstre set ungdom og skule fyrst i Vestland fylke. Ingenting er viktigare enn å investere i ungdommen vår! Vi vil at elevar kan gå på skule i eige nærmiljø om dei ynskjer det. Difor har vi programfesta at vi vil sikre at skulestrukturen i Vestland fylke framleis er desentralisert og gjev elevane god moglegheit for plass på nærskulen.

–Kan Nordfjord rekne med å få behalde fire vidaregåande skular, eller er det nok med ein?

–Ja. Venstre vil halde på dagens skulestruktur i Nordfjord i komande fylkestingsperiode. Fire av dei sju største tettstadane i dagens Sogn og Fjordane ligg i Nordfjord, og alle dei fire skulane er heilt sentrale utviklingsaktørar i sine lokalsamfunn.

–Kan det vere aktuelt med ein felles administrasjon for dei vidaregåande skulane i Nordfjord?

– Skuletilbodet på kvar stad er det aller viktigaste. Dersom vi kan halde på skuletilbodet og utvikle det vidare på dei fire skulestadane i Nordfjord med meir samarbeid/effektivisering på administrasjon, er vi opne for å sjå nærare på dette. Det er gledeleg nok allereie omfattande samarbeid mellom skulane i Nordfjord og «arbeidsdeling» mellom ulike liner.

–Vil ditt parti vere pådrivar for auka omfang av desentralisert høgare utdanning i Nordfjord?

– Ja, utan tvil. Det som no blir starta opp på Nordfjordeid med desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning og etableringa av Fjordane Virtuelle Campus, er særs viktig. Venstre har vore ein pådrivar for etablering av Høgskulen på Vestlandet. Det er gledeleg å sjå at det no gjer at slike nye tilbod i Nordfjord er lettare enn i det gamle skulesystemet.

Vindkraft

–Kva haldning har ditt parti til vindkraft?

–Venstre vil begrense utbygginga av nye vindkraftverk på land. Den rammeplanen NVE har lagt fram, er etter vårt syn «skivebom» – her er det foreslått altfor store område og stort omfang av ny vindkraftutbygging. Omsyn til naturmangfald og klassisk naturvern, samt lokal tilslutnad, må ha avgjerande vekt i konkrete saker.

Det kan vere eit stort potensiale i vindkraft til havs, men eg vil åtvare mot å tru at det er ei «sesam-sesam»-løysing som er utan konfliktar med mellom anna fiskeri-interesser. Desse må ikkje overkøyrast – fiskerinæringa er særs viktige for Vestlands-kysten.

– Bør vertskommunen ha vetorett når det gjeld landbasert vindkraftutbygging ?

–Ja.

– Kultur m.m.

– Kan Opera Nordfjord rekne med å få tilsvarande tilskot som før frå fylkeskommunale midlar?

Opera Nordfjord er eit fyrtårn i kulturlivet i Vestland fylke, og den einaste distriktsoperaen også i det nye fylket. Det er difor ingen grunn til å tru at Opera Nordfjord får lågare prioritet i Vestland enn i Sogn og Fjordane, snarare tvert i mot!

–Kan Malakoff Rockfestival rekne med å få tilsvarande tilskot som eller meir frå fylkeskommunale midlar?

– Det same gjeld her som for Opera Nordfjord: Malakoff Rockfestival er eit kulturfyrtårn i særklasse, og den største rockefestivalen i Vestland saman med Bergenfest. Det er absolutt ingen grunn til at Malakoff skulle bli prioritert lågare i Vestland enn i Sogn og Fjordane, snarare tvert imot.

– Kva tenkjer de om framtida til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid. Kan senteret rekne med engasjement frå Vestland fylke?

– Ja! Fjordhesten er ein viktig del av Vestlands-identiteten – det skulle berre mangle om ikkje Vestland fylke engasjerer seg for fjordhesten! Venstre har i mange år kjempa på fylkestinget i Sogn og Fjordane for at fylket skal engasjere seg sterkare i Norsk Fjordhestsenter, og for auka statlege løyvingar til senteret. No har vi lukkast med begge deler – og folk i Nordfjord kan vere trygge på at Venstre vil engasjere seg vidare for fjordhesten og Norsk Fjordhestsenter.

– Kvifor bør folk frå Nordfjord stemme på ditt parti?

– Venstre er næringspartiet for distrikta! Venstre vil utvikle nye, grøne næringar og sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar i heile Nordfjord. Vi har vore knallharde forsvarar av viktige saker for Nordfjord som vidaregåande skule og betre samferdsle, og vi er ein garantist for Stad Skipstunnel og bru Lote-Anda.

–Medan dei fleste andre partia (inkludert Høgre, Ap, Sp og Frp) har listetoppar frå Hordaland, har Venstre listetopp/ fylkesordførarkandidat i Vestland frå Sogn og Fjordane med sterke band til Nordfjord.

– Sist men ikkje minst: Å røyste Venstre i fylkestingsvalet kan sikre Nordfjord ein knallsterk Nordfjord-talsperson på fylkestinget! Alfred Bjørlo står som einaste Nordfjord-kandidat på «kampplass» ved fylkestingsvalet. Med eit godt val for Venstre i Nordfjord kjem Alfred på tinget!