Ein fekk gebyr på 8000 kroner

Tysdag hadde Statens vegvesen ein kontroll på Kjøs.

Statens vegvesen kontrollerte 28 køyretøy på Kjøs tysdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Til saman 28 køyretøy vart kontrollert då Statens vegvesen hadde kontroll på Kjøs. 219 køyretøy var inne på kontrollplassen.

Ifølgje Statens vegvesen fekk fire sjåførar åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida. Ein bileigar fekk eit gebyr på 8000 kroner for å ikkje ha montert bombrikka på lastebilen. I tillegg hadde ein buss oljelekasje på motoren og måtte på verkstad for reparasjon og motorvask. Ein sjåfør måtte også fjerne gjenstandar i siktsona før vidare køyring.