Fiskeriministeren kjem til Stadlandet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik kjem til Nordfjord fredag. Verksemda Per Stave AS på Stadlandet er av dei som får besøk.

Fiskeriminister Harald T. Nesvik kjem til Nordfjord. 

Nyhende

Fiskeriministeren besøkjer fleire stadar i Sogn og Fjordane torsdag og fredag denne veka. Torsdag skal han mellom anna innom fleire verksemder i Florø, Svanøy Røykeri, og fisketur med autolinebåten MS Haugefisk. Fredag er turen komen til bedriftsbesøk på Selstad, Ecobait, Måløy Marine Ressurssenter og Måløy Vekst, før turen går til Per Stave AS på Stadlandet.

- Sjømatnæringa skaper arbeidsplassar og verdiar for Noreg, og bidreg til å halde hjula i gong i norsk økonomi.Det er ein prioritet for meg å møte sjømatnæringa og høyre meir om korleis kvardagen deira er for å kunne lage gode rammevilkår som bidreg til vekst og verdiskaping, seier fiskeriminister Harald T.Nesvik.